To mnd til Førjulsmessa
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Sep 2016
Årets messe vert med andre
ord arrangert andre helga i november. Ei veke tidlegare enn normalt, grunna at
vi ikkje ynskjer kollidere med cupfinalen på Ullevaal stadion. Rett nok veit vi
ikkje kva lag som kjem dit, men uansett ville messe-frammøtet lide ved ein «kollisjon».
Litt om arrangørlaga sine gjeremål:
VELLEDALEN IL:
Ber tyngste børa av dei tre arrangørlaga.
Har messesjefen
(Atle Hole) og innkjøpssjefen (Marit
Hole).
Har ansvaret opp mot utstillarane,
opp- og ned-rigging i grendahuset, annonsering, flygeblad og PR. Skal levere 6
vinstar på bok, 30 kaker, 500 tombolavinstar og rulle 6000 tombolalodd
(inkludert 1000 vinnarlodd)
VRF:
Har
kasseraren (Vibeke Skinnes) og ansvaret for kjøkkendelen av messa begge dagar
VELLEDALEN SKULEKORPS
: Har ansvaret for gjennomføringa av tombolaen begge
dagar, og er basarbokansvarleg (at det vert selt lodd før messestart).
VRF/VELLEDALEN SKULEKORPS:
Skal til saman skaffe 6 vinstar på bok, 30 kaker, 500
tombolavinstar og rulle 5000 tombolalodd.
ØKONOMIDELING:
50 prosent av nettoen til
VELLEDALEN IL og 50 prosent på deling til VRF/VELLEDALEN SKULEKORPS.
NB!
Det har
i alle år vore tradisjon at ingen familie skal levere til meir enn eitt lag.
For Velledalen IL sine støttespelarar/medlemar er maksimal-levering 10
tombolavinstar + kake.
UTSTILLARAR:
Om få dagar vil vi kunngjere namna til påmelde utstillarar. Vi har enno nokre
få plassar ledige.
PÅMELDING:
E-post: atlehole@online.no – tlf. 917 43 761