Hipp, hipp for Jarle Bjørkavåg
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Sep 2016
JARLE er eit godt
Konradløp-namn. Spesielt på veteransida. Vi har Jarle Konrad Fausa som
debuterte i løpet som 68-åring – og som spring raskare til eldre han blir. No
er han 76 og gjorde si raskaste tid i 2016.
Og vi har dagens jubilant,
Jarle Bjørkavåg, som 15 år på rappen har brukt 1.mai til mosjon i godt selskap.
Gjennom deltaking i Konradløpet. Og du skal vite det, i løpet sitt debutår i
2002, var der ikkje mange deltakarar frå «Sørstrand-sida» av fjorden. Men Jarle
han møtte!
I tillegg har han ved
fleire høve hatt selskap av broren, Ove Bjørkavåg (?), som bur i Horten.
Konrad Brunstad hadde
garantert likt Bjørkavåg-brørne, noko også Velledalen IL gjer.
Akkurat i dag brøler vi 3X3 HURRA for Jarle på 75 års dagen! I høve det
store jubileumet, og at han har full pott deltakingar i løpet vårt, er det
ikkje meir enn rett og rimeleg at Velledalen IL spanderer gratis start på
jubilanten i 2017.
Til lukke med dagen, Jarle!!