Velledalen IL tek over drifta av Dalemyra

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Sep 2016


 Like før seriestart i vår fekk Velledalen IL skriftleg melding om at VRF sa frå seg drifta av Dalemyra stadion med «umidellbar virkning». Sidan tidspunktet var maksimalt uheldig, enda det med at VRF drifta bana også i 2016-sesongen. Men i kveld gjorde VRF-styret det klart at oppseiinga står ved lag. Noko som betyr at Velledalen IL som eigar vert ansvarlege for drifta. Det er grunn til å tru at FKS ikkje vil spele seriekampar i Velledalen i 2017-sesongen