Bravo Stijn – representerte Velledalen IL i Alperittet

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Sep 2016

Stijn til høyre med nr.102
Alperittet vart arrangert
på Stranda laurdag. Med fattige 27 fullførande deltakarar. 25 i lang løype på
42 km, to i kort løype på 17. Elles var det litt spesielt at alle dei beste
køyrde feil løype, etter å ha blitt leia på ville vegar av ei løypevakt.

Men om deltakinga var
lita, så var det desto meir gledeleg at tre av 25 fullførande i lang løype er
busette i Velledalen. Eit ekstra BRAVO til Stijn De Smedt, belgiaren som har
kjøpt Holen. Han vart nummer ni i klasse 20-39 år på 2.03.17 – og han
representerte Velledalen IL!!. Vi vert stadig meir internasjonale.

Belgiarane har tradisjonar
for å vere gode i sykling. Ikkje veit vi kor mykje Stijn har trena, men det var
ein god start. Det å bu på Holen er elles einstydande med god fysisk form. Der
bur nemleg trimfantoma Kjellaug Ulset og Elling Hole. Ingunn Hole Hunnes, som imponerer med knalltider
i Konradløpet i klasse 60+, kjem frå same stad

Elles slår vi fast at
Kjell Magnar Berli er best i Sykkylven i alt som har med kondisjon å gjere. Med
minimalt med sykkeltrening dunka han til med 1.35.21 – niande best totalt og
beste sykkylving. Kjell Magnar vart nummer fem i klasse 20-39 år.

Per Steinar Linga har
ikkje trena mykje siste året. Likevel var han god nok til 1.39.37 og plass
nummer to i klasse 40-49 år. Mest på rutine.
 Per Steinar er VIL-medlem,
men representerer Sykkylven SK når han er på to hjul.

Med andre ord: EIT STORT
3X3 HURRA FOR KJELL MAGNAR, PER STEINAR OG STIJN !!!