Kartarbeid og førebuing til løp i O-gruppa

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Aug 2016

For den som ikkje veit
det. Ingrid Lundanes kjem frå landets kvassaste O-famile, busett på Eikenosen
(Emblem) i Ålesund kommune. Ingrid, som representerer Emblem IL, er sjølv mellom
dei skarpaste juniorane i kongeriket og er sjølvskriven representasjonsløpar.
Eldste boren er Olav Lundanes, med fleire VM-titlar innabords – også som senior.
Ingrid er flaska opp i ein familie der ski og O-løp har vore fast tidtrøyte for
liten og stor.

At Ingrid tek seg tid til
å hjelpe Pernille og hennar stab i O-gruppa må vi ta som ei stor ære. Komande
sundag klokka 14.00-16.00 kan alle som vil teste seg i eit nytt Familie-O-løp.
Som vanleg med base i området ved kjellarsalen i Velledalen grendahus. Det blir
ulike løyper etter alder og kvalifikasjonar, og som før:


 ·
  

 Gratis frukt og
saft


 ·
  

 Trekking av
premiar


 ·
  

 Gratis deltaking


 ·
  

 Sal av vafler, sveler, kake, pølse med brød og kaffi.

Måndag 29. august kjem
5.-7.klasse ved skulen i Hundeidvika til Velledalen, der dei skal prøve seg som
o-løparar