Klubbjakka vår i Reykjavik i helga

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Aug 2016

Som mange hugsar debuterte
«Knut-tausa» på heil maraton (42 195 meter) i Roma i 2015. I fyrstninga
var planen at det skulle springast heil maraton også i Reykjavik, men Torild
melder at litt småkranglete kne gjer at ho halverer distansen denne gongen.

Vi vil tru klimaet i
Reykjavik er betre for ein nordmann enn i Roma. Løpet går laurdag 20. august og
vi håper Torild sender oss eit foto frå utfordringa. Startlista viser at løpet
på Island samlar eit utal nasjonalitetar.

Vi ynskjer Torild lukke
til på laurdag!