I ryggen på damene – denne gong Antonella Confortola
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Aug 2016
Antonella Confortola bilde henta frå Kondis.no
I lange ultraløp, maraton
og motbakkeløp er det viktig å treffe med opningsfarta. Kanskje må ein prøve og
feile nokre gonger som fersk utøvar, men det er slikt ein lærer av. Kjell Magnar
Berli har denne sesongen fleire gonger hatt suksess med å halde lik fart med
dei beste kvinnene i starten. Han fortel dette frå Skåla Opp:
- Feltet var stort
og eg gjekk ut i eit høveleg bra tempo. Ikkje lenge etter start såg eg at eg
hadde fjorårsvinnar i kvinneklassa, Antonella Confortola Wyatt frå Italia, ved
sida av meg. Eg la meg i ryggen på henne. Ho heldt jamn fin fart. Trur eg låg
kring halvtimen bak italienaren som sprang heile løypa på 1.23 i 2015.
- Men vi ser av
resultatlista at du slo ho?
- Ja, mot slutten
hadde eg krefter att. Eg gjekk forbi og drog litt på. Ho sleppte. Så kom
nordmøringen Are Uran. Etter to tap mot han tidlegare denne sesongen, var eg
særs lysten på å slå han. Det vi ikkje visste på det tidspunktet, var at vi òg
duellerte om å bli best frå Møre og Romsdal.
- Og denne gongen
vart du det?
- Ja, han kom inn
åtte sekund bak meg. Ei fjør i hatten då Uran ganske sikkert kjem til å vinne
motbakkecupen for Møre og Romsdal. Den har ikkje eg satsa på, men eg har
delteke på Mefjellet Opp og Saudehornet Opp som er to av dei teljande løpa.
- Så denne gongen
fekk du til ei sterk avslutning?
- Eg tok fleire
løparar heilt mot slutten. Mellom anna Laura Orgue frå Spania som vart nest
beste kvinne
- No var løypa
nedkorta, så du fekk ikkje prøvt deg på sykkylvsrekorden. Hadde du teke den?
- Det var litt
synd. For denne gongen slo eg fleire løparar som har gjort 1.23 og 1.24
tidlegare. Målgong var eit par minutt etter det som var passeringspunkt i fjor.
Måltida mi var nesten identisk med fjorårets passeringstid, som betyr at eg var
minst to minutt raskare enn i fjor på det tidspunktet. Sjølv trur eg ei tid
1.22-1.24 hadde blitt resultatet med full løypelengd.
Og vi tvilar ikkje. For
med 50.43 slo han som før nemnt internasjonale storleikar som Laura Orgue (50.56)
og Antonella Confortola Wyatt (51.40). Og han sette på plass dei beste norske
kvinnene som Anita Iversen Lilleskare (52.58), Eli Anne Dvergsdal (53.35) og
Anita Håkenstad Evertsen (54.21).
Justeringar. Arrangøren
hadde mist ein del namn i den fyrste resultatlista. I den endelege lista er
Kjell Magnar nummer 20 totalt. Vi tek med klassevise plasseringar:
15-17 år:
Nr.
5 Fredrik Hole-Drabløs, ex Herd, 1.07.04
20-22 år:
Nr. 7 Bjørn Inge Gjersdal, Sykkylven SK, 1.18.09
23-34 år:
Nr. 11 Kjell Magnar Berli, Velledalen IL 50.43
Nr. 68 Kristian Hole-Drabløs,
Trondheim, 1.06.58
Nr. 81 Jo Andre
Tandstad, Velledalen IL/Torsdagsklubben 1.08.29
35-39 år:
Nr.
41 Jan Halvard Holmøy, Velledalen
IL/Jan@Liverpooltur.no
1.10.33
Nr. 53 Sigurd Ramnefjell,
Sykkylven IL 1.13.48
45-49 år:
Nr. 19 Per Inge Bjørnestad, Velledalen IL, 1.00.09
50-54 år
:
Nr. 43 Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL 1.17.39
Kvinner:
35-39 år
:
Nr. 13 Monica Breivik Orre, Velledalen IL/Sykkylven Kommune, 1.22.19