Per Inge og Kjell Magnar sterke
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Aug 2016
Tre beste på 5 km i siste løpet i Ålesund Sommarkarusell
Siste løpet i
Ålesund Sommarkarusell vart avvikla onsdag 10.august, under forhold vi ikkje akkurat
knyter opp mot sommar. Men deltakinga var likevel bra, med 25 utøvarar som
sprang fem kilometer og 24 på den doble distansen.
Velledalen IL
hadde med fire utøvarar – alle på kortaste distansen. Her vart Kjell Magnar
både totalvinnar og klassevinnar (23-39 år).
- Sprang
i kontrollert fart heile vegen utan å stivne, heiter det i ei melding frå
vinnaren til VIL-Nett like etter løpet, som gjekk unna på 17.32.
Per Inge
Bjørnestad duellerte med Karl Idar Vik frå Syvde IL om andreplassen bak Kjell
Magnar. I mål var Per Inge to sekund bak Vik, men suveren klassesiger i 45-49
år på fine 17.50 på den spreke veteranløparen vår.
VIL sine to
siste utøvarar var Nakken-tvillingane Sivert og Andreas, som spring i klassa
som heiter «M u.14»(tyder Menn under 14 år). I fylgje arrangøren sine lister
vart Andreas nummer tre i denne klassa, Sivert nummer fire (Sjå dei 15 beste på
fem km lenger nede).
Siste løpet i
karusellen samla totalt ti kvinner og 39 menn. Beste kvinne/jentetid på fem
kilometer hadde Live Johanne Vestre Røkke, Stordal IL med 21.58 (14-15 år).
Synnøve Helleand frå Ålesund sprang den doble distansen på 47.28, medan Joachim
Tranvåg, Rindal IL (klubben til friidrettsleiar Bøe) gjorde unna sitt milløp på
sterke 34.14, som var ny løyperekord, melder Kondis Møre og Romsdal
RESULTAT ÅLESUND SOMMARKARUSELL – 5 KM, ONSDAG 10.
AUGUST:
1.
Kjell Magnar Berli, Velledalen IL, 17.32
(23-39 år)
2.
Karl
Idar Vik, Syvde IL, 17.48 (23-39 år)
3.
Per Inge Bjørnestad, Velledalen IL, 17.50
(45-49 år)
4.
Håkon
Stavik, Ålesund FIK, 18.32 (16-17 år)
5.
Gaute
Skar-Hovde, Skar-Hovde Runners, 22.26 (M u 14)
6.
Joachim Haaland, Volsdalen Menighet, 22.44 (23-39 år)
7.
Falah Issa, Ålesund, 23.25 (23-39 år)
8.
Kasper
Fylling, Skodje IL, 23.37 (M u 14)
9.
Andreas
Fylling, Skodje IL, 23.38 (23-39 år)
10.
Andreas Mosby Nakken, Velledalen IL, 23.59
(M u 14)
11.
Sigbjørn Lerstad, Atlanterhavsparken,
24.27 (55-59 år)
12.
Øyvind Brox, Ålesund, 24.53 (45-49 år)
13.
Stein Ola Bergheim, Vestnes, 25.09 (60-64)
14.
Vidar
Kristoffersen, Langevåg, 25.18 (23-39 år)
15.
Sivert Mosby Nakken, Velledalen IL, 26.59 (M u
14)
19 deltakarar