Tre elevar frå Velledalen skule 1963
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Jul 2016
Ja, det er ei stund sidan
1963. Hausten 1963 var året då Velledalen skule på Dalemyra vart opna. Tre av
elevane ved bordet gjekk på Velledalen skule skuleåret 1963/1964. Tek vi ikkje
heilt feil gjekk:
Johanne Lade i 2.klasse
Svein Liaskar i 4.klasse
Anna Lisa Drabløs i
6.klasse.
Og vi kan ikkje anna seie
enn at dei har stått seg godt desse 53 åra!!
Ein god grunn for å vere
på hamna i Valldal i går var den årvisse Olsok-markeringa. Johanne Lade såg vi midt
i det store feltet i Jordbærdilten (125 i trimklassa). Det er supert, vi reknar
med å ha ho på startstrek i Konradløpet i 2017. Det ligg hakket over
Jordbærdilten av to grunnar. Det er 1,3 kilometer lenger, og fordi ein må
vesentleg tidlegare opp (start 05.00 i Velledalen mot 11.45 i Valldal).
Berre spør Anna Lisa.
Etter statistikken har ho ti startar i Konradløpet. Der har også Svein Liaskar
delteke. Rett nok berre ein gong, men greitt nok sidan han ikkje lenger er
landfast. Vi må nemne at Svein har ei svært sprek kone, som flittig deltek i
løp. Gjerne så lange som ti kilometer eller halvmaraton. Ho heiter Oddfrid.
Utruleg nok greidde ho snike seg unna fotograferinga. Siste mann på fotoet er
mannen til Johanne. Litt usikker på namnet hans, kanskje Jarle…?, men uansett
namn set vi her i Velledalen vår lit til at han får Johanne opp i gryotta til Konradløpet
i 2017. Avtale…??!!