Elling nærmar seg 100 på Myrdalsfjellet
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Jul 2016
Då meldaren vår var på
Myrdalsfjellet tidleg på dag den 29.juli, kunne han rapportere om 96 turar for
Elling Hole. Faktisk nøyaktig tre gonger så mange som nummer to på lista;
Ingrid Brudevoll, som hadde 32.
Dette er slett ikkje
overraskande då Elling har hatt kontroll på posten dei siste åra. Og alt tyder
på at mannen frå Holen dette året kjem høgt opp på samanlagtlista, der ein i
2015 måtte ha over 1400 poeng for å få plass.
Her er topp-4 Myrdalsfjellet
29. juli:
96 turar: Elling Hole
32 turar: Ingrid Brudevoll
22 turar: Bjørg Frøystad
Hole
20 turar: Nils Terje
Skylstad
PS Vi minner om at det er
bokbytet i haustferien som markerer sesongslutt. Med andre ord drygt to mnd
att.