Henrik i friidretts-NM
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Jul 2016
arkivfoto
Friidretts-NM vert arrangert 29.juli til 31. juli på Ravnanger
Idrettspark på Askøy (ved Bergen). Vi har vore i kontakt med Henrik Johan
Holmberg sin visemanager (Morten Holmberg), som melder fylgjande:
- Henrik er påmeld i tre øvingar, lengde, høgde og 110
meter hekk. Lengde er fyrst ut av desse tre (fredag), men det er usikkert om
Henrik stiller her på grunn av ein «hamstering-skade» han har slite med siste
tida. Slår han opp den under lengde-konkurransen, vil heile NM-helga gå i
vasken.
- Kvar er
medalje-sjansane størst?
- Det er på 110
meter hekk og i høgdehopp, seier Morten, som sjølv vel bryllaupsfeiring i Polen
i staden for Ravnanger Idrettspark og kamp om NM-medaljar.
Henrik har med seg
systrene Margit og Anna Maria som moralsk støtte i Bergen.
Velledalen IL ynskjer
lukke til og håper på godt nytt i løpet av helga.