Kjell Magnar nr. 2 i M 23-34 år i Mefjellet Opp

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Jul 2016

Velledalen IL sin Kjell
Magnar Berli hadde skumle hensikter under Mefjellet Opp i dag. Eit motbakkeløp
med start i Fjørå, distanse sju kilometer og 1100 høgdemeter stigning. I fjor
noterte Kjell Magnar tida 53.56. Og etter å ha persa i alle krevjande løp denne
sesongen, var det von om at persen kunne senkast. Men det gjekk ikkje heilt
etter planen:


 -  Eg opna nok i
tøffaste laget. Ser at passeringstida mi etter kring 15 minutt er minuttet betre
i år enn i fjor, men det skulle straffe seg. Eg hadde lite å spa på med mot
slutten som vanlegvis er sterkaste delen av løypa, fortel Kjell Magnar etter
løpet.

I sterk varme måtte han
sleppe teten, men tok seg rutinert i mål til 55.46 – 1.50 svakare enn i fjor,
men sterk 2.plass av 14 utøvarar i klasse 23-34 år. Og berre slegen av to
sunnmøringar, nemleg brødrene Iver Matias og Kornelius Linge Glomnes.

Espen Strøm Grebstad
leverte ein ny fin prestasjon i klasse M 16-17 år. Her noterte Espen 1.05.45,
som berre var 32 sekund bak vinnaren Fredrik Nakken Langstein frå Tomrefjord IL

M 16-17 år:

1.05.13: Fredrik Nakken
Langstein

1.05.45: Espen Strøm Grebstad

1.08.59: Sondre Gjedrem
Lund

1.12.01: Matias Lied

M23-34 år:

51.05: Stian Stærkeby
Jelstad, Modum FIK

55.46: Kjell Magnar Berli, Velledalen IL

56.22: Lars Anders Hoel,
Valldal IL

59.36: Lars Petter Hauge,
EY BIL

1.00.10: Steffen Grytten,
Team Pjask

1.00.34: Stian Driveklepp,
Team Pjask

1.05.26: Jan Magne
Solibakke, Eimskap Norway

1.05.58: Niklas Forsmark

1.06.27: Tarjei Urkedal,
Norborg IL

1.07.23: Karl Otto
Henriksen, EGT

1.09.35: Lars Ivar
Henriksen, EGT

1.13.58: Andreas Håvoll,
Valldal IL

1.18.34: Rune Søholt

1.24.43: Marius A Moe,
Valldal IL

  

Espen Strøm Grebstad