Mefjellet Opp: Kjell Magnar i favorittsjiktet!
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jul 2016
arkivfoto
Kjell Magnar Berli vart i
fjor nummer sju total i Mefjellet Opp – løpet som startar i Fjørå, er sju
kilometer langt og stig 1100 høgdemeter før ein er i mål. I 2015 var Kjell
Magnar mindre enn to minutt bak mannen
som vart nummer to. I år er «Berlien» vesentleg sterkare. Fjorårsvinnar, Johan
Bugge, er enno ikkje påmeld. Kan dette vere dagen Kjell Magnar vert totalvinnar….??
Rett nok må vi ta eit ørlite atterhald om at
Hornindal Rundt framleis kan sitje i kroppen. Ein kvittar seg ikkje med «slagget»
(som Mons-Konrad sa) etter 75 kilometer og 5600 høgdemeter over natta. Sundag
kveld veit vi svaret – det vert meldt på nettsida til Velledalen IL
I Hornindal arrangerer dei
eine kraftprøva etter den andre på sommartid. Laurdag 23. juli vert Hornindalsvatnet
Maraton arrangert med fire ulike distansar. Her kan veljast mellom: Full
maraton (42 195 meter), halvmaraton, 10 km og minimaraton (4,2 kilometer).
I skrivande stund er godt over 100 utøvarar påmelde, men ingen som
representerer Velledalen IL, og heller ikkje andre lag i Sykkylven kommune. Men
etterpåmelding er mogleg, så ein skal ikkje vere altfor bombastiske om kven som
stiller.