I dag får du stoda i skogsvegen Fet

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Jul 2016

Posten i skogsvegen Fet gir fire poeng
for ein tur. Og det treng du kanskje for å ta laust, for her er det bakkar både
oppover og nedover. Vanlegvis plar posten samle godt over 1000 noteringar i
løpet av sesongen. Slik vert det heilt sikkert også i 2016, då posten alt har
820 noteringar.

På denne posten er det slik det har
vore siste åra, nokre som er SÆRDELES ivrige og aktive, medan det elles er så
som så

Her er namna på alle med meir enn 10
turar, då meldaren vår var innom posten 18.juli på føremiddagen:

249
turar: Grethe Fet

228 turar: Odd-Kåre Fet

195 turar: Astrid L. Drabløs


26 turar: Margit Fet


18 turar: Alf Petter Bøe


15 turar: Marit Hole


10 turar: Lilly Nilsen

Som vi ser er det kamp om plassane
nedover på lista. Dei tre på topp er kjende namn frå tidlegare år, med ein
snittalder over 70. Nummer fire på lista er godt over 80, medan nummer fem - friidrettsleiar Bøe – altså er den einaste utanom pensjonistane sine rekkjer på
topp-5. Unge Bøe, som vert 50 neste år, må kallast ungdomsalibiet på denne
lista. Ei bør vi trur han maktar bere.