VIL-resultat i Fjord-O (1.dag)
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Jul 2016
Vi gratulerer
Bernt Are Lervåg med triumfen i klasse H 17 C. I nybyrjarklassa gjorde søstrene
Holmberg eit vellukka «parløp» som gav delt siger. Torild Hole tok flott fjerde
plass i same klasse.
Gruppeleiar Pernille deltok i ei klasse som
heiter D 17 AK. Ho vart nummer fem, men hadde berre 3.55 minutt opp til
klassesiger. Sophia Johanne Holmberg var vår yngste utøvar på tid denne gongen,
i klasse D-10. Ho var uheldig og vart diskvalifisert, slikt skjer sjølv dei
beste i denne idretten frå tid til anna, så stå på vidare, Sophia!!
Elles opplyser
Pernille om ein kjekk dag både for dei aller yngste og dei eldre, trass middelmådig
vêr. Velledalen IL sine utøvarar fekk mykje merksemd av speaker får vi opplyst,
og vart på alle måtar godt mottekne inn i det gode selskap. Og dei nye, flotte
O-kleda vart òg lagt merke til.
Her er tala:
D 17 N:
1.
Cristina
og Emma Holmberg, begge 28.58
4. Torild
Hole 44.50
H 17 C:
1.
Bernt
Are Lervåg, 29.14
D 17 AK:
5.
Pernille Ibsen Lervåg 48.21
D-10:
Sophia
Johanne Holmberg