Sterke VIL-resultat siste dag av Fjord-O
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Jul 2016
Medan VIL var
representert med seks utøvarar på tid laurdag, var talet auka til sju sundag.
Nakken-karane tok seg av nybyrjarklassa, og i alle fall Sivert viste at han er
moden for større oppgåver neste gong.
Søstrene
Holmberg vann nybyrjarklassa laurdag og var flytta opp til større vanskegrad
sundag. Nok ein gong imponerte dei med 2. og 3.plass av 12 deltakarar, med Emma
som den beste denne gongen, og merk: BERRE 32 SEKUND BAK VINNAREN!! Og stor ros
til yngste VIL-utøvar, Sophia. Ho vart diska laurdag, men mønstra på att med
friskt mot dagen etter og kom greitt gjennom i klasse D -10, ei klasse utan
rangering.
Sjefen sjølv,
Pernille, vart nummer fem laurdag, 3.55 bak vinnaren. Sundag gjekk det enno
betre, då Pernille vart nummer tre, og avstanden opp til vinnaren var krympa
til 2.34 minutt. Ikkje spesielt mykje med ei totaltid på 50 minutt.
Ved neste
korsveg kan vi håpe på enno fleire deltakarar frå VIL. Denne gongen var nok
ganske mange bortreist på ferie. Men dei som deltok, markerte seg positiv, noko
Velledalen IL sitt styre og O-gruppa veit å setje pris på.
RESULTAT 4.DAG FJORD-O:
H 17 N
(2200 meter – 1 startande)
1.
Svein
Arne Nakken 1.10.10
H13-16 N
(2200 meter – 2 startande)
1.
Sivert
Nakken 33.49
2.
Andreas
Nakken 55.17
D 17 C
(2260 meter – 12 startande)
2.
Emma
Olin Holmberg 28.18
3.
Christina
Linnea Holmberg 28.21
D -35
(4250 meter – 6 startande)
3.
Pernille
Ibsen Lervåg 49.59
D-10
(1570 meter – 11 startande)
Sophia Johanne
Holmberg 23.02