Vellesætra: Geir Olav Drabløs har kontroll
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jul 2016
For folk med
tung kropp er ein tur til Vellesætra med start frå Brunstad ein vaksen tur.
Ikkje fordi den er lang, men fordi det er bratt heile vegen, meir eller mindre.
Trimgruppa i Velledalen IL har bestemt at ein slik tur skal lønast med sju
poeng.
14. juli, då
vår meldar vitja posten på kveldstid, stod Geir Olav Drabløs registrert med 137
turar, som åleine gir 957 poeng. Vi minner om at kring 1400 poeng var grensa
for topp-10 plassering sist år.
Vellesætra er
ein trimpost som tydelegvis fengjer både menn og kvinner. Her er namna på dei
kvassaste utøvarane på posten, torsdag 14. juli klokka 20.30:
137 turar: Geir Olav Drabløs
99 turar: Torhild Horsevik Skogvold
69 turar: Arnhild Linga
48 turar: Alf Petter Bøe
34 turar: Steinar Grebstad
20 turar: Mari S. Leichty
18 turar: Jon Runar Drotninghaug