Fjord- O-løp
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jul 2016
Emma og Christina Holmberg. Foto: Torild Hole
Fyrste dag av Fjord-O er over. Dette er eit stort stemne og vi har ikkje oversikt over alle resultata enno. Men vi har fått melding om at Emma og Christina Holmberg (sjå foto) vann si nybyrjarklasse. Også Bernt Are Lervåg vart klassevinnar. Korleis det gjekk med vår mest erfarne utøvar, Pernille, veit vi førebels ikkje, men ho spring i ei klasse med tøffare konkurranse. Vi kjem tilbake med meir frå Fjord-O, der det er ny konkurranse-dag i morgon, seinare.