Nils har fått luke på Holetindane
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jul 2016
Vi har tidlegare meldt at trimboka på posten Holetindane lenge ikkje var tilgjengeleg på grunn av store snøskavlar på toppen. No er desse vekke, så alt burde ligge til rette for god tilvekst i trimboka. Vår meldar på posten
7. juli melde at alt var ved det normale:
10 turar: Nils Terje Skylstad
3, 2 og 1 tur: Svært mange
Turen til Holetindane har Brunstad eller Hole som dei mest vanlege startpunkta. Mange går innom Kølen og Brunstadsætra ein av vegane. Då får ein registrert seg på heile tre postar på same tur, og sit att med 54 trimpoeng (30 på Holetindane, 20 på Kølen og 4 på Brunstadsætra)