Korrigerte resultat Hornindal Rundt

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jul 2016

Arrangøren av
Hornindal Rundt har gjort småkorrigeringar på resultatlistene. Både Christina
Holmberg og Frida Hjelle har fått tidene sine endra. Kondis Sogn og Fjordane er
det grunn til å stole på, og dei opererer med desse tala:

38. Christina Linnea Holmberg, Velledalen IL
friidrett, 25.59.14

39. Frida
Cecilie Hjelle, NTNUI, 25.59.15

Ganske pussig:

Dagen før
løpet sa Christina til VIL-Nett at jentene hadde EITT klokkeklart hovudmål; Å
FULLFØRE. Dersom dei greidde det, såg ho føre seg at dei ville gjere det på ein
stad mellom 23-26 timar (Sjå slutt-tidene).

Velledalen IL gratulerer jentene med 100
prosent måloppnåing. Og vi som ikkje deltok må hugse at dei gjorde det under
vanskelege forhold: Regn, skodde, sleipt. Tenk dei heldt på frå 08.00 laurdag
morgon til 09.59 sundag morgon – heile natta med andre ord!!