Også Kølen trimpost mot god sesong

    Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jul 2016

    Ein av våre
    meldarar har vore innom Kølen trimpost. Ein tur dit gjev 20 gilde poeng, men
    sidan dei aller fleste går om Brunstadsætra, er det fire ekstra-poeng å hente
    der.

    Sidan nettsida
    har hatt mykje stoff siste tida, er ikkje tala vi presenterer heilt ferske. Men
    før sist helg var stoda slik på Kølen:

    24 turar: Linda Øye

    16 turar:
    Veronika Ulriksen

    16 turar:
    Frode Linga

    12 turar:
    Arnhild Linga

    Relativt trygg
    leiing for Linda Øye, medan Frode Linga sitt oppsving siste tida vert lagt
    merke til. Med knappe tre månader att av sesongen kan enno mykje skje. Jamfør
    Nancy Eggen sin innspurt i 2014!