Per Inge beste VIL-løpar i Hellesyltløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jul 2016
113 utøvarar
fullførte årets Hellesyltløp. 15 kvinner og 50 menn sprang 6,6 kilometer, medan
25 gutar og 23 jenter sprang ei løype på kring 1600 meter.
Herreklassa vart som vanleg dominert av
Lyn Ski, medan arrangørklubben, Sunnylven IL markerte seg mest positivt på
damesida. Tre av dei fire beste damene er kjenningar frå årets Konradløp.
Tidene til dei beste:
KVINNER:
26.13:
Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL - 1
26.48:
Hege Ringdal, Sunnylven IL - 2
28.33:
Gry Bakke Payling, Sykkylven IL - 3
28.38:
Kari-Anne Tryggestad Ryste, Sunnylven IL - 4
31.29:
Henriette Bakke, Sykkylven IL – nr. 7
MENN:
20.36: Joar Andreas Thele,
Lyn Ski (ny rekord) – 1
20.52: Simen Hegstad Krüger,
Lyn Ski – 2
21.31:
Anders Mølmen Høst, Lyn Ski – 3
21.39:
Sondre Grønvold, Lyn Ski – 4
22.19:
Iver Matias Linge Glomnes, Valldal -5
23.44:
Knut Anders Hatlen, Stranda – 10
24.21:
Kristian Nedregård, Noteam – 11
24.30: Per Inge Bjørnestad,
Velledalen IL – 12
24.40:
Helge Hafsås, Noteam – 13
25.31:
Espen Strøm Grebstad – Noteam – 14
25.35:
Robin Jørgensen – Sykkylven - 15
25.37: Anders Wigdahl - Velledalen IL – 16
25.52:
Sven Renberg – 17
25.58:
Ottar Hellebostad, Sunnylven IL – 18
26.10:
Sondre Overvoll Hole, Stranda IL - 21
Som
vi ser finfin 12.plass til Per Inge mellom dei 50 fullførande i herreklassa.
VIL-løpar i Holmenkollstafetten, Espen Strøm Grebstad vart nummer 14 og Anders Wigdal
nummer 16.
Og
vi registrerer at Gry Bakke Payling hindra at det vart trippel Sunnylven IL i
kvinneklassa