Christina, Jørgen og Kjell Magnar: Lukke til!!

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jul 2016

Jørgen Grebstad trygt i mål ved Horndøla Bru i 2015
Velledalen IL friidrett
vert representert med tre utøvarar. Starten går frå sentrum (Grodås) klokka
08.00. Christina Linnea Holmberg og Kjell Magnar Berli spring full distanse og
deltek i NM. Full distanse vil seie at dei skal innom
  20 fjellpostar på turen som er 75 kilometer lang
  og har 5600 høgdemeter å hanskast med.

Kjell Magnar Berli har ein
delt 7.plass i dette løpet frå 2014 som ballast. Den gongen brukte han
  12.25.12, som er den beste tida nokon
sunnmøring har gjort i løpet. I år tel lengste distansen som NM i fjell-løp
ultra, som vil seie at dei fleste skarpskodde i kongeriket deltek. Kjell-Magnar
kan kanskje kome heim med ei topp-10 plassering – i så fall ein fantastisk
prestasjon.

Christina Linnea Holmberg
deltok i 2015 i det som vert kalla «halvt løp», saman med nærslekta Frida Cecilie
Hjelle. Halvt løp er 38 km langt, med ei stigning på knappe 3000 høgdemeter.
Syskjenborna
  brukte 9.10.26 på turen
i fjor, og vart nummer 39 av 63 fullførande kvinner.

Laurdag vert det andre bollar for dei to,
med full distanse og NM-deltaking.

Så har vi Jørgen Grebstad. Han debuterte på halvt løp i fjor med
  fine 7.37.55 som sluttid. Med det vart
han nummer 44 av 92 fullførande på kortaste distansen. Vi tippar Jørgen set ny
personleg bestetid når han kryssar mållina ved Horndøla Bru om lag klokka
15.00.

Christina og Kjell Magnar
avsluttar sine løp i Honndalshallen. Kjell Magnar har ambisjonar om ny
bestetid, berre så det er nemnt.

Send gjerne ei helsing til
dei tre på VIL facebook og du kan tippe sluttida til Jørgen, Christina og Kjell
Magnar.

Slutt-tid tips kan også
sendast:

atlehole@online.no – eller: 917 43 761

Vi trekkjer ut ein staut
premie til beste tips

Velledalen IL ynskjer sine
tre tøffingar ei god oppleving på den lange turen!!

PS: På ein slik dag finn
vi det rett og minne om Mons-Konrad sine visdomsord:


 -  Gi upp, då he du
tapt!

PS 2: VIL-Nett vil halde
eit auge med utøvarar også frå Stranda kommune, som: Anniken Hjellbakk Hole,
Are Olav Habostad, Lars Hallvard Helsem og Bjørn Arve Brune (alle heilt løp).
Tre av desse fire var Konradløp-deltakarar i vår. Vidare har dei skiskyttaren
Trygve Aaland Tryggestad og Sunnmøring-journalist, Hege Bjørkedal, i halvt løp.