Trottige damer i skogsvegen Hjorthol

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jul 2016

Trimposten i skogsvegen
Hjorthol er ein kjapp liten tur som vert betalt med to trimpoeng. Bratt i
starten, men slakkare siste del. Dei fleste tek turen ganske greitt på eit
kvarter frå grinda like oppom fylkesvegen.

Vi sjekka stoda på posten
før helga. To kvinner i sin beste alder skilde seg ut. Kanskje ikkje
overraskande for folk flest at namna var Ingrid Brudevoll og Anita Hjorthol.
 Jan Lade var
beste mann så langt, men mannfolka heng litt etter på denne posten. Slik var
stoda på posten 30.juni:

196 turar: Anita Hjorthol

181 turar: Ingrid
Brudevoll

30 turar: Jan Lade

25 turar: Eldrid Myhre

19 turar: Svein Hjorthol

18 turar: Hanne Ulset

15 turar: Lisbeth Hofer, Alf Petter Bøe