Spanande haust for FKS i 4.div
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Jun 2016
Bendik H. Alnes kontrollerer Robin Diallo i kampen mot Emblem
FK Sykkylven har kapra 15
poeng etter halvspela serie i 4.divisjon (11 kampar). 6. plass kan høyrest bra
ut, men laget skal ikkje bli mykje dårlegare til hausten før dei er blanda inn
i nedrykksstriden.
Slik er stoda poeng-messig
etter halvspela serie:
28 poeng: Langevåg
23 poeng: Gødøy
22 poeng: Skarbøvik
20 poeng: Larsnes/Gursken
19 poeng: Hareid
15 poeng: FK Sykkylven
12 poeng: Emblem
12 poeng: Norborg
10 poeng: Skodje
9 poeng: Valder
9 poeng: Ørsta
6 poeng: Stranda
FKS har så langt vore eit typisk heimelag
HEIME: 3-1-2 14-6
10 poeng
BORTE: 1-2-2 6-9
5 poeng
Toppscorarar
i 4 div Sunnmøre våren 2015 er
Nils
Ottar Sandø, Skarbøvik IF med 15 mål.
FKS sine beste målscorarar
er:
7 mål: Bengt Hole Alnes
5 mål: Håkon Hunnes Hansen
3 mål: Martin Blindheim
2 mål: Vegard Kaland
2 mål: Bendik Hole Alnes
1 mål: Danmian Cruz
Misser folk.
I fylgje trenar Robert Sogge misser FKS backen Thomas Fure og angriparen Håkon
Hunnes Hansen til haustsesongen. Vegard Kaland har karantene i neste kamp etter
utvisning mot Emblem.
Mange lag vil rykke ned frå 4 div denne
sesongen. I praksis er alle lag etter Hareid med i nedrykkskampen. FKS skal
ikkje sleppe seg mange hakk ned før dei er i «sumpa» for alvor.
Krise med nedrykk
. Dei aller fleste nedrykk er sure. Det verste med eit FKS-nedrykk no,
vil vere at det gir blod på tann til dei som tenkjer seg ein re-start med eit
seniorlag for herrar i VRF-regi. I dag ein klubb på sotteseng, men med svulmande
økonomiske musklar, vert det hevda.