Kjell Magnar vann i Volda

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jun 2016

arkivfoto

Den 51. utgåva av
Rotevatnet Rundt i Volda vart arrangert laurdag 18.juni. Deltakinga var svak
med berre åtte utøvarar – ingen kvinner. Velledalen IL sin Kjell Magnar Berli
tok ein suveren siger, to minutt og 21 sekund føre Hogne Søholt. Vår andre
deltakar, Ole-Peder, kom på 5.plass og hausta nyttig erfaring.

Her er resultata:

1. Kjell Magnar Berli (18-29 år) 22.44

2. Hogne Søholt (30-39) 25.05

3. Egil Arne Standal (50-59) 29.31

4. Knut Innselset (60-69) 30.42

5. Ole-Peder Holmberg (18-29) 31.56

6. Ante Lundberg (30-39) 35.20

7. Per Ernst Lundberg (60-69) 35.21

8. Sindre Burås Sylte, utan tidtaking.