O-gruppa har fått 20 000 til O-kart

    Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Jun 2016

    Sykkylven Energi Fondet
    vart oppretta i 2010. Fondet sitt mål er å støtte friviljuge

    lag og organisasjonar i Sykkylven kommune, der
    born og ungdom vert prioriterte, saman med grad av eigeninnsats og privat
    initiativ. Sykkylven Energi ynskjer med dette å bidra med midlar til gode
    tiltak for innbyggjarane i kommunen, heiter det mellom anna i skrivet O-gruppa
    har fått.

    Dette er ei flott
    oppmuntring for ei aktiv gruppe. Denne veka var nokre av damene i gruppa på ny
    i aksjon med eit O-tilbod til den vidaregåande skulen på Stranda (sjå eiga
    sak).

    Det høyrer med til soga at VIL alt har fått
    positive tilbakemeldingar frå Stranda på opplegget Pernille og hennar gjeng
    gjennomførte.

    Som vi veit har dei
    tidlegare hatt opplegg for barneskular og Friidrettskarusellen på Ikornnes, i
    tillegg til stor suksess med rekorddeltaking
    under to familie-O-løp på Dalemyra.

    Og no blir det altså meir
    kart – eit naudsynt «reiskap» i denne flotte sporten.