Hard-helg for Sivert og Andreas
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jun 2016
Velledalen IL hadde med to
utøvarar mellom dei 57 som starta i Nibbeløpet Mini i Geiranger laurdag.
Nibbeløpet Mini har start i sentrum og mål ved Flydalsjuvet. Stikkordet er BRATT.
Og skal ein springe i tillegg, er det langt frå eit lett løp sjølv om distansen
ikkje er meir enn kring fire kilometer.
Sivert og Andreas deltok i
klasse M 13-14 år. Vi mistenkjer dei for litt kompiskøyring, sidan dei fekk
same tid. Men det er lov. I fylgje arrangøren vart 7. plass på Sivert og
8.plass på Andreas, begge på tida 25.28. Totalt vart gutane nummer 19 og 20, og
begge var litt bak sine personlege bestenoteringar som vart sette i 2015.
Yngste klasse i dette
løpet er 0-12 år, så vi håper fleire lokale utøvarar vil prøve seg ved neste
korsveg.