Radka Vosicka: -Kan eg bli medlem…?

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jun 2016

Radka har hatt det ein må
kalle ei kometkarriere. Ho sprang sitt fyrste løp 1.mai i Velledalen. Då veit
alle at det dreier seg om Konradløpet. Dama i 30-åra frå Tsjekkia vart klokka
inn på 21.39, på plassen føre Ole-Peder som driv i same «bransje».


 14 dagar seinare tok ho
eit langt steg med deltaking i Ålesund halvmaraton. Ho auka altså distansen frå
4,5 km til 21 km. Her gjorde ho det sensasjonelt bra, med 3.plass av elleve
utøvarar i klasse 35-39 år på tida 1.52.31.


 Fire veker etter vart det
ny 3.plass i same klasse til Radka, denne gongen i «gysaren» Nibbeløpet. Med ei
fartstid på seks veker som konkurranseløpar greidde ho fine 2.48.22 i Geiranger.

På Dalsnibba traff ho ein
liten VIL-delegasjon og fortalde fylgjande:


 -  Eg har vore sju
år i Noreg, og har for tida jobb på Sykkylven Stål. Konradløpet var mitt fyrste
løp. Det var kjekt, så eg fekk lyst på meir.


 -  Var det tungt i dag?


 -  Å ja, men eg
syntest det gjekk greitt. Trur du eg kan melde meg inn i Velledalen IL…?

Det kan du Radka. Vi likar
pågangsmotet ditt, så du er hjarteleg velkomen!