Olaf Øien: 23 av 23 mulege Nibbeløp
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jun 2016
Olaf Einar Øien var kring
50 år då «galskapen» med Nibbeløpet starta i Geiranger. Dei fleste 50-åringar
hadde neppe tenkt tanken eingong; at dette kunne vere noko for dei. Tenk springe
21 kilometer frå sentrum av Geiranger til toppen av Dalsnibba (1500 høgdemeter).
- Galskap sett i
system, ville truleg dei fleste meine den gongen.
Men ikkje Olaf. Sjølv
seier han det slik:
- Eg har ikkje vore
i toppform kvar gong, men eg har kome gjennom.
Og før løp nummer 23 hadde
han målsettinga klar:
- Eg har berre eitt
mål i dag. Det er å fullføre. Tida spelar inga rolle, det kan gjerne bli tre og
ein halv time.
Vi skal ikkje hevde at løp
nummer 23 gjekk som ein leik.
Men 73-åringen fullførte problemfritt på 3.19.20,
plass nummer to i klasse 70+