-Tøff kraftprøve, meinte Ole-Peder!
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jun 2016
Ole Peder Holmberg tek
sjumilssteg som konkurranse-utøvar. Konradløpet eller Kaptein Dreyers Minneløp
på Sunndalsøra er berre som ein fis å rekne i forhold til Nibbeløpet i
Geiranger. 21 kilometer langt og med 1500 høgdemeter stigning krev det sin
mann/kvinne.
Men Ole-Peder tok
fryktlaust fatt på oppgåva. Tungt vart det på ein varm dag, men til mål kom
han. Til 8. plass i klasse 19-22 år på tida 3.14.55.
Med jamn trening framover
kan det vere duka for solid personleg rekord alt i juni 2017.
Gratulerer med innsatsen
og pågangsmotet, Ole-Peder!!