Bård nær klassesiger i 70+
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Jun 2016
Når ein passerer 70 år
tynnest det ut i rekkjene i såpass krevjande konkurransar som
Nibberittet/Nibbeløpet. Rittet samla i dag fire deltakarar i klasse 70+. Ein
danske mot tre nordmenn. Rått parti med tanke på løypeprofilen vil somme hevde.
Tre av dei fire starta
timen før normaltid, klokka 11.45. Bård var åleine om å starte 12.45. Det
gjorde at han hadde ingen sjanse til å vite stoda undervegs i rittet. I mål
viste det seg at Bård vart nummer to, nøyaktig to minutt bak vinnaren. Dansken
vart nummer tre kring ti minutt bak Bård, medan fjerde mann var over halvtimen
bak.
Her er resultata:
1.
Leon Holiløkk 2.01.11
2.
Bård Erstad 2.03.11
3.
Hans Dabelsteen 2.13.05
4.
Sverre Bjåstad 2.36.36
Framifrå prestasjon av
Bård som sist deltok som 65-åring i 2008. Den gong som nr 4 av 18. I dag var
han kanskje eldstemann med sine 73 år. Og etter ei pause på åtte år, med skifte
av tre tette blodårar, er det tydeleg at sirkulasjonen fungerer no.
Gratulerer Bård – ein imponerande
prestasjon!