Lokal trio på Sunndalsøra

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jun 2016

arkivfoto
I går, laurdag 4.juni,
hadde vi ein lokal trio på plass på Sunndalsøra der Kaptein Dreyers Minneløp
vart arrangert for 42. gong. Ole-Peder Holmberg debuterte som deltakar i det 12
km lange løpet, medan Kjell Magnar Berli og Alf Petter Bøe kunne løypa frå
tidlegare år.

Velledalen IL sine to
representantar starta begge i klasse 21-30 år. Her vart Kjell Magnar nummer tre
på tida 45.55. Ole-Peder nummer 13. på 1.05.09. Flott innsats våre karar som
alt neste laurdag tek Nibbeløpet (21 km) i Geiranger på meir eller mindre strak
arm.

Friidrettsleiaren vår, Alf
Petter Bøe, var òg på plass. Han representerer som dei fleste veit Rindal IL.
Med tida 52.55 fekk han fin 6.plass i klasse 41-50 år.

Vi takkar alle tre for
innsatsen. Også helsing til fjerdemann, Bendik Hole Alnes, som var med på turen
som observatør.