Gir seg ikkje sjølv om Rio glapp

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jun 2016

arkivfoto

 Vi treng personar som
satsar i Velledalen. Kristbjørg Dale Bolstad har på imponerande kort tid teke
sjumilssteg som skyttar. I eigen kjellar tok ho skytesporten frå nullpunktet
til Paralympics-aktuell. No vart det ikkje tur til Rio, men dama i sin beste
alder har på ingen måte resignert.

 Tommelen opp for
Kristbjørg, og les hennar ærlege rapport om stoda på skytefronten i
Bolstad-kjellaren frå månadskiftet mai/juni 2016!

 No er uttaket klart, og eg er ikkje på
lista. Eg har nok forstått det ei stund, eg lukkast ikkje på NM, og eg lukkast
kun i ståande på verdscupane eg har vore på. Eg er både litt skuffa, men også litt
letta over at det vart slik. Eg har satsa hardt, hatt store utgifter og brukt
mykje krefter på dette, men det har også vore moro. Eg kvidde meg på å skulle
ta masse vaksiner, og det er langt til Rio. At virus florerer der nede, har
også skremt meg litt.

 Men, eg gir meg ikkje med skytinga. Eg tek
ei lita pause no, og så er det full trening igjen. Det er NM 50 m på Elverum i
august, og der blir det også luftstevne. Eg har bestilt meg ny rifle, og
forbedra skytebord er i planleggingsfasen. Eg håper berre eg ikkje blir ståande
aleine igjen, uten landslaget og støtteapparatet rundt, då blir det for tungt
økonomisk, så då vil eg nok vurdere å gi meg.



 No skal eg fokusere på litt andre ting som
har leie på vent ei stund. Familie og venner, og ikkje minst koret, blir
prioritert framover, og så får eg sikte meg inn mot VM om eit par år.
Paralympisk om 4 år er også innan rekkevidde, og landslagstreneren meiner eg
skal satse mot det. Eg er fortsatt fersk som skytter, og han meiner eg har kome
langt på dette 4 åra. Så får vi sjå om helsa held!





 Kristbjørg Dale Bolstad