Velledalen IL er representerte
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jun 2016
VIL-Nett veit at
Velledalen IL har deltakarar på Sunndalsøra. Kaptein Dreyers Minneløp er 12 km
langt og har start 13.00 for konkurranse-løparane. I løpet av kvelden bør vi
kunne melde korleis det gjekk med våre.
I Syvde står Blåfelden
rett opp på programmet. Eit motbakkeløp på 4,3 kilometer. Vi veit i skrivande
stund ikkje om VIL har utøvarar med, men Jo Andre Tandstad har tidlegare vore
trufast deltakar.
Vi set pris på at
VIL-medlemar/sympatisørar melder inn resultat til:
atlehole@online.no