Kjell Magnar: Kongen av Velledalen IL !!

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Mai 2016

Ingen tvil om at Kjell Magnar Berli for tida er fremste idrettsutøvaren
innan kondisjonsidrett på seniornivå i Sykkylven kommune. Laurdag var han i
Molde. Der deltok han i «Molde 7 topper» med stor suksess. Dette er eit løp på
20 kilometer med totalt 1500 høgdemeter stigning.

Mange hundre deltakarar
fullførte i det fine vêret. Berre i mosjonsklassa med tidtaking var der kring
300.

Sindre Hoff og Olav Hovdenakk var i ei eiga
klasse, men bak der var Kjell Magnar med å kjempa.
 Det enda med tredje plass i
klasse 21-30 år og 5. plass totalt.

Tida til Kjell Magnar var 2.04.11, mindre enn to minutt bak
klassevinnar Rune Malo Ødegård, sterk langrennsløpar med fleire premieplassar
frå ski-NM sist vinter. Nummer to, kring 45 sekund betre enn Kjell Magnar, var
ingen ringare enn fjorårets EM –vinnar i motbakkeløp, Johan Bugge, frå Eidsvåg.

Truleg er dette Kjell
Magnar sin beste sportslege prestasjon nokon sinne, og han var godt nøgd med
eigen innsats.


 -  Det var eit tøft
løp. Med berre tre drikkestasjonar var det viktig å få i seg nok væske i
varmen. Eg syntest det gjekk svært så bra, og hadde faktisk litt krefter att på
slutten, seier Kjell Magnar til VIL-Nett. Han gav òg uttrykk for at han var
glad han droppa «Varden Opp» til fordel for «Molde 7 topper».

Og vi berre nemner det;
Kjell Magnar smadra vinnaren av Ålesund Maraton som hadde 2.40 på den distansen
for 14 dagar sidan. Men det var flatt.

MAI-PRESTASJONAR KJELL MAGNAR:

1.mai: Nr 2 i Konradløpet
på 15.09 – ny pers

14 mai: Beste herreløpar i
Ålesund halvmaraton på 1.17.33 – debutløpet på distansen

27 mai: Vinnar av
Koldabakken Grand Prix på 1.24 – sekundet bak rekord

28 mai: 3. plass «Molde 7
topper» 2.04.11 – mindre enn to min bak klassevinnaren