Velledalingane taper terreng
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Mai 2016
Dei fyrste åra Konradløpet
vart arrangert kom 50-70 prosent av deltakarane frå Velledalen. Så seint som
for fem år sidan, mønstra Velledalen åleine 150 deltakarar i hovudløpet, eller
kring 50 prosent om ein vil halde seg til prosentrekning.
Vi har sett litt på
deltakartala for 2016. Det viser seg at 81 av 287 påmelde hadde noverande
bustadadresse i Velledalen. I prosent er vi då heilt nede på 28,2 – det lågaste
nokon gong.
Til samanlikning kan
personar med opphav utanom Noreg sine grenser skilte med 7,3 prosent av dei
påmelde i 2016. Og denne gruppa er veksande. Vi lar friidrettsleiaren i Velledalen
IL, Alf Petter Bøe, kommentere tala:
- Dette er ein
trend vi har sett kome dei siste par-tre åra. Personleg er eg ikkje bekymra.
Ikkje enno, i alle fall. Det viser seg at talet på debutantar er høgt kvart år.
Folketalet i Velledalen er ganske stabilt, men det er ikkje takka vere
velledalingane. Æra for stabilt folketal går til innflyttarar frå andre
nasjonar. Difor er det naturleg at denne gruppa veks.
- Elles har vi registrert
stor interesse for Konradløpet på nordsida av fjorden, men diverre er ikkje
ferjetabellen tilpassa løpet. Tek eg ikkje feil må dei ta ei ferje som går frå
Magerholm klokka 03.20. Tek ein neste ferje vert ein akkurat for sein.