Velledalen IL markerte seg i Ålesund
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Mai 2016
Stor deltaking i Ålesund i
dag, der Velledalen IL var representert med trioen Kjell Magnar Berli, Per Inge
Bjørnestad og Karstein Jensen. Alle våre sprang halvmaraton, saman med langt
over 100 andre.
Einaste utøvar som slo
Kjell Magnar var Marthe Katrine Myhre, Gjøvik Friidrettsklubb. Ho gjorde eit
tappert forsøk på kvalifiseringsgrensa til EM halvmaraton på 1.14.41. Ho
lukkast ikkje der, men kom inn på 1.16-talet. Kjell Magnar var kring minuttet
bak i sin debut på flat halvmaraton. Per Inge Bjørnestad var godt inne på
topp-10 med ei sluttid på 1.22 i sin halvmaraton-debut. Vi trur han vart nummer
sju totalt, etter å ha vore med i kampen om 4.plassen lenge.
Vi kjem med meir stoff og
foto frå løpet i Ålesund i løpet av kvelden, men nemner at Gry Bakke vart
fjerde beste kvinne i halvmaraton.
Følg med utover kvelden,
vi reknar med at tidene dukkar opp på nettsida då. Også mange gode prestasjonar
frå nabobygda Stranda.