Skuleorientering på Dalemyra

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Mai 2016

Somme var debutantar og
tykte det var vanskeleg å finne postane, andre sat inne med litt røynsle og kom
greitt frå det.



 - 




 Fleire har
sprunge løypa både to og tre gonger i eit forsøk på å setje ny personleg
bestetid, kunne Merete Masdal i arrangørstaben fortelje. Ho hadde hjelp av Anne
Grete Nordal, Bernt Are Lervåg og Håkon Fedt, som alle anten er medlemar eller
støttespelarar i Velledalen IL si nystarta O-gruppe.

Elles var vêret heilt
suverent bra – rett og slett perfekt utevêr. Dei som vil teste ut orienteringssporten
vidare meir bør merke seg datoen 22.mai. Då er det Familie –O-løp på Dalemyra.
Der er både unge og eldre hjarteleg velkomne.