KNALL av Kristbjørg i Hannover!!

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Mai 2016

Hannover er Kristbjørg Dale Bolstad sin lukkestad i skyting. Der har ho
gjort det godt før, og der glimta ho til på nytt i dag – med ny personleg rekord
i R4 (ståande skyting).
 Ho skriv mellom
anna :


 -  Dette gjekk over all forventning!
 Eg sette ny personleg rekord, og var klart best av dei
norske, og vi tok bronse i lagskyting! Den fyrste lag-medaljen i historia i SH
2, som er mi klasse, til Norge!

Dette var den tredje
konkurransen på rad i ståande skyting, at Kristbjørg vart best av dei norske som kjempar om plass
til Paralympics i Rio. Så det er vel rett å seie at nærare Rio har ho aldri
vore.

Torsdag er det ny konkurransedag.
 Då
er det R5, liggande. Ein særs viktig konkurranse for Kristbjørg. Vi her heime
kan ikkje anne gjere enn krysse fingrar og tær og tenkje gode tankar.

Kristbjørg helsar til alle
i heimbygda og kjende andre stadar frå varme Hannover.