Laget vårt på plass i Oslo
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mai 2016
Våre tolv gutar/ menn og
tre kvinner er på plass i Oslo. Diverre vart det forfall (strekkskade) på
sterke Njål Torillson Tyssing, men Oslo-avdelinga ordna med ein erstattar frå
Lørenskog. Jammen er vi heldige!
Vi ynskjer alle det beste
på sine etappar. Ekstra spente vil vi tru debutantane Per Inge, Ole Peder og
Espen, men dette går nok heilt supert.
I klasse A1 – blanda lag
med fleirtal menn – må ein springe på 1.12.00 for å bli premiert. Arrangøren
har skjerpa kravet med eitt minutt sidan i fjor. Utan uhell greier laget vårt
premieplass, og etter løpet vert alle samla til felles middag på Bondeheimen i
Rosenkranz gt. 8. Det høyrest ganske kjekt ut, ikkje sant!!