Viktige dagar for Kristbjørg
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2016
Det er kvalifisering til
Paralympiske leikar det dreiar seg om. Arrangert i Rio i Brasil. Stemnet i
Polen vert arrangert i Szczecin og er verdscup. Kristbjørg, som har hatt
vitjing av landlagstrenaren på Brøvoll denne våren, skriv:
- Dette er siste
moglegheit til å vise form før uttak.
Etter Polen går vegen til
Tyskland. Til Hannover. Ein stad Kristbjørg har gode minner frå tidlegare. Det
var nemleg her ho sette norsk rekord i fjor. Sjølv har Kristbjørg eit relativt
avslappa forhold til det som ventar:
- Eg har ikkje så
store forventningar denne gongen, for eg har slite med utstyret mitt i det
siste. For tida gjer eg det best på ståande, så får tida vise om eg får det til
å klaffe i konkurranse. Fyrste konkurranse for meg er ståande (R4) måndag 2.mai.
Så vidt vi har forstått er
det fire norske som kjempar om Rio-tur. Vi kryssar fingrane og har Kristbjørg i tankane dei næraste dagane. Anna kan vi
ikkje gjere. Uansett resultat er ho ein lokal helt på sitt felt!