Oslo Konrad 2016
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2016
Sjølv om det ikkje
vart deltakarrekord, hadde vi ei fin morgonstund på Voldsløkka. Det gjekk
smertefritt etter at verste biten var unnagjort - å kome seg opp frå ei varm og
god seng. Medan russebussar i millionklassa rulla forbi, la vi ut på ein
trimtur med helse i kvar einaste meter. Løpet gjekk i behageleg tempo, og alle
såg rimeleg kvikke ut ved målgong.
Trioen bestod av Hege Urke Brunstad, Pauline Kurseth og Hilde Riksheim Tandstad
- sambuarar på Sagene. Ekstra spesielt for Hege, som sprang sitt tiande
Konrdaløp i dag.
So får vi sjå om det er liv laga for Oslo-Konrad i framtida.
Hilde