Ca 300 i hovudløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Apr 2016
Vanlegvis kjem det
påmeldinga til siste nikk før start.
I fjor kom det 40 stk siste morgonen. Er vêrt
godt kjem det alltid fleire, enn om det regnar og blæs.
Vi håper på det 15.
Konradløpet vert godt for dei fleste. Hugs at hardaste stigninga kjem i
starten. Mange gjer det vi kan kalle ein typisk kaldstart med full chooke. Det
kan røyne på for nokon kvar opp Klausbrauta. Men vit at Røde Kors står der og
vaker over deg.
Elles er det eit hardt
parti fram mot drikkestasjonen i Holeøyane. Det ser mest flatt ut, men la deg
ikkje lure – det stig! Kjem ein seg velberga bort på hovudvegen er mykje gjort.
Dei fleste køyrer flat pedal bortover Brøvollsbøane. Hjorthol bør passerast i
ørska, og kjem ein seg ned til bedehuset går ein mot ljosare tider. Ein
nedoverbakke, etterfylgd av eit målsegl og ein ørliten – eller stor – spurt,
jaudå, vi greier det sikkert i år også.
Og nede på grendahuset; etter frukost,
musikkinnslag, Konradfilm og premieutdeling – fyrst då kjenner eg det på
kroppen, at det faktisk var helse i kvar einaste meter.
GOD TUR TIL ALLE!!