Susande flott Minikonrad
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Apr 2016
Klubbmeteorologen,
Per-Gunnar Holmberg, hadde ikkje teke lett på oppgåva denne laurdagen. Den 10.
utgåva av Minikonrad (fyrste gong arrangert i 2007) vart velsigna med strålande
vêr. 1050 meter gjekk som ein leik, anten ein var fire eller ti år. Safta i
målområdet var bra og medaljen rundt halsen
enno betre. Deltakarar frå Valldal og Stranda markerte seg sterkt, men
det store fleirtalet kom rimelegvis frå Sykkylven. 138 deltakarar var bra, med
tanke på at det var konfirmasjon i Sykkylven, og at mange var bortreiste - eksempelvis på turnstemne.
Deltaking delt på startfelt:
2010-2016: 66 deltakarar - utan tidtaking
2006-2006: 41 deltakarar - utan tidtaking
2000-2005: 31 deltakarar - med tidtaking
Mellom dei som sprang på
tid var Erik Skotheim raskast på 3.46. Beste jentetid hadde Sanna Aslaksen frå
Stranda med 3.59.
Meir tider og bilete i
løpet av helga.