Roger og Oskar sprang Finnsrudmarsjen

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Apr 2016

Finnsrudmarsjen er eit 9
km langt løp. Mest på grus og terreng, litt etter asfalt. Roger Malvin Hole
deltok saman med sonen, Oskar Johan.

Og Oskar Johan er ein hardhaus.
Han sprang det 10 km lange Sentrumsløpet i Oslo laurdag, og altså det 9 km
lange Finnsrudmarsjen dagen etter.

Begge «Hol-gutane» sette
nye personlege rekordar. Roger kom inn på ca 37.30, Oskar om lag minuttet
raskare. Komande laurdag kjem begge til Velledalen. Sundag morgon klokka 05.00
står dei på startstreken på Brunstad når feltet i Konradløpet vert sleppt for
15. gong.

Seks dagar etter det igjen,
spring begge Holmenkollstafetten for Velledalen IL sitt lag. Der vert også ein
tredje Hol-hyn, Jens Christian, med. Fint med slike løpsglade gutar!