Smånytt frå Konradløp-fronten
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Apr 2016
Løpet ser ut til å få det
same breie spekteret som tidlegare år. I går melde superveteranen, Harald
Relling seg på.
- Eg er ikkje i
storform, men eg er frisk, sa mannen som i unge år var ein sprek idrettsutøvar
i Stranda IL, men som siste åra har budd i Langevåg.
Relling er nærare 90 år
enn han er 80. Hittil har han selskap av Paul og Magnhild Hole i den edle alder
over 80. Men dei vert nok fleire.
Vidare har vi fått vite at
Radka Vosicka kjem frå Tsjekkia, etter at vi etterlyste hennar nasjonalitet.
Dermed er seks nasjonar representerte på påmeldingslistene (Danmark, Russland,
Litauen, Polen, Tsjekkia og Noreg).
I dag kom det melding frå
Sport1/Focus Sport om at årets startnummer ligg klare. Som før kan ein gjere
ein kraftig rabattert handel om ein etter løpet tek med seg nummeret til
butikken. Noko alle bør nytte seg av.
Elles minner vi om at
Minikonrad (30.april) har tidlegare start i år enn vanleg. Dette sidan
løpsdagen er laurdag. Påmelding frå 16.00, med fyrste start 17.00 (dei yngste).
Her vankar det premie til alle, utdeling i Velledalen grendahus.
Startnummer-henting til
hovudløpet 1.mai finn stad i Velledalen grendahus laurdag 30.april i tidsrommet
16.00-20.00. Det er viktig at flest mogleg av dei som er busette i Sykkylven
hentar nummeret sitt då, dette for å unngå kaos løps-morgonen.