Holmenkollstafett-laget på rett hylle

    Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Apr 2016

    7.mai vert
    Holmenkollstafetten arrangert i Oslo. Velledalen IL stiller lag i år som dei
    gjorde i 2015 og 2014. I klassa for miksa lag med fleirtal menn. Lagoppstillinga
    kjem vi tilbake til ved eit seinare høve – den er ikkje heilt spikra enno, men
    nesten.

    Det som er sikkert er at
    laget etter løpet vert samla til felles middag i Rosenkrantz gate 8. Kvar er
    det, lurer du kanskje..? Jau, det er Bondeheimen, som i utgangspunktet burde
    vere ein perfekt stad for laget vårt.

    Og la det vere sagt, dei
    på laget som er i tvende tvil om dei skal velje konfirmasjon eller
    Holmenkollstafett kan sjå lyst på livet. Måltidet vil halde høg «konfirmasjonsklasse»,
    eller kva seier du til:
      Svinenakke med
    steikte grønsaker og potet. Sjokolademousse til dessert,
      med ein god kaffi til.

    På 1980-talet var vi også
    innom Bondeheimen. Men då til frukost etter ei natt i bil til Oslo. Og det var
    då Bård Erstad åt så mykje at betjeninga etter ei ri fylgde han med augo heile
    tida. Kanskje står Bård sin frukost-rekord på Bondeheimen den dag i dag…!?