Stamina-damene spring Konradløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Apr 2016

Vert Stamina Sykkylven
årets kvinnebedrift under årets Konradløp…? I alle fall stiller verksemda svært
så sterkt under den 15. utgåva av løpet. Er du brukar av Stamina Sykkylven skal
du ikkje sjå vekk frå at du kan møte instruktøren din til uhøgtideleg
kappestrid, 1.mai klokka 05.00 om morgonen. Med full choke opp Klausbrauta, og
flat pedal resten av runden kan dette gå vegen.

Vi tek med namna på dei åtte spreke damene:


 ·
  

 Nina Ulstein


 ·
  

 Marita Mandal


 ·
  

 Gry Bakke


 ·
  

 Monica Breivik
Orre


 ·
  

 Christin Eidem


 ·
  

 Mari Leichty


 ·
  

 Tove Marie
Tandstad


 ·
  

 Gro Helen
Kaldhussæter

Som Konradløp-kjennarar
ser, har fleire av desse markert seg positivt ved tidlegare høve. Eksempelvis Gry
Bakke. Ho har vore ned på 18-talet i Konradløpet og sprunge heilmaraton med
bravur. Er nokon i beit for gode
treningsråd, kan vi nemne at Stamina-damene er samla ved eit eige, reservert
bord under frukosten i Velledalen grendahus.