Smånervar før O-start på heimebane

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Apr 2016

O-gruppa i Velledalen IL
er høgt opp om dagen, men samstundes er det ikkje fritt for at nervane herjar
aldri så lite.



 - 




 Vi har fått
melding om at leiaren i Møre og Romsdal O-krins kjem på besøk. Og det kjem
deltakarar frå Emblem IL, så her er det berre å legge seg i selen med omsyn til
arrangementet, fortel leiar Pernille Ibsen Lervåg til VIL-Nett.



 - 




 Håper verkeleg
det går bra og at vi får fint vêr, held ho fram.

Vêret kan vi gjere lite
med, men alle gode krefter bør stille seg disponible for O-gruppa denne dagen.
Kjellersalen i Velledalen grendahus vert base for arrangementet, og her kan
alle delta. Ung eller gamal spelar inga rolle. Tidsrommet er sett til 14.00-16.00.
Registrering/påmelding ved frammøte.

Hittil i sesongen har O-løparar
i hopetal frå Sykkylven kursa seg både i Velledalen og på Emblem. Emblem IL er
den klart leiande klubben på Sunnmøre, og har mellom anna fostra vår nasjonale
einar, Olav Lundanes.

Eit omfattande kartarbeid har siste tida vore gjort
i Velledalen (Dalemyra)og Straumgjerde (Slettegjerde). No står området ved
Sessvatnet på Ikornnes for tur. I fylgje ekspertisa det best eigna området i
heile Sykkylven for orientering.

Vil nokon bake ei kake,
steikje sveler, koke kaffi, skjenke saft eller gi ei handsrekning av noko slag
på den store dagen, så finst det folk som vert glade for det. Meld i så fall
frå til damene i O-gruppa (Pernille Lervåg, Janne Tomtum, Anne Grete Nordal
eller Monica Orre).

Eller til VIL-leiar Atle
Hole.